Med gaffateip i sekken

Små grep, store opplevelser

Inkluderende reiseliv

Friluftslivets år handlar om å få fleire ut i naturen – men kva gjer vi når ikkje alle har like moglegheiter til å delta?
Akkurat som gaffateip kan fikse det meste, veit vi at enkle, kreative løysingar kan opne dører for å fleire til å delta i friluftslivsaktivitetar. Gjennom Inkluderingskonferansen under Ekstremsportveko gir vi deg  inspirerande foredrag der gode historier, verdifulle erfaringar og viktig kunnskap blir delt. Vi håper gjennom konferansen å gi deg både nye perspektiv og konkrete råd. Saman kan vi finne måtar å redusere barrierar, oppdage nye stiar og sørge for at alle får moglegheit til å oppleve gleda ved å vere aktiv i naturen. 

Set av dagen no – dette vil du ikkje gå glipp av!

Voss, 25 juni 2025

Forrige
Forrige

Bli frivillig!

Neste
Neste

Sykepleiere og helsefagarbeidere søkes